Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Fjordstafetten

22. april 2023 @ 16:00 - 21:30

Etter tre års pause fra Norddalsstafetten har vi blitt einige om å opprette ein ny stafett for idrettslaga i Fjord Kommune – Fjordstafetten.
Planen er at idrettslaget arrangerer stafetten i April/Mai kvart sitt år.
– Stafetten har fem etapper.
– Blanda lag i kvar kategori: gut under 16 år, jenter ynder 16 år, mann, kvinne, veteran.
– Eigen barnestafett i tillegg: Fem etapper med gutar og jenter mellom 9 og 12 år.
– Invitasjon skal sendast til klubbene minst tre veker før stafetten.
– Løypelengde og fordeling av etapper blir avgjort laget som arrangerer.
– Første stafetten blir i Valldal 22.april 2023.
Vidare rekkefølge blir Eidsdal 2024, Norddal 2025 og Stordal 2026.

 

Invitasjon til Fjordstafetten

Klubbane i Fjord kommune blir med dette invitert til å delta på Fjordstafetten i Valldal laurdag 22. april kl. 16.00.

På grunn av snøforholda er det enno usikkert om stafetten blir på Omenås eller om det blir i området rundt Valldal skule. Dette blir sendt informasjon om seinast 18. april.

Eigen barnestafett 9-12 år. 4 etappar x 200 meter. Minst 1 gut/jente på kvart lag, maks alder 45 år.

Stafett: 5 etappar med slik fordeling på kvart lag: 1. etappe: Gut 16 år eller yngre: ca 300 meter

2. etappe: Jente 16 år eller yngre: ca 250-300 meter

3. etappe: Dame ca. 900-1000 meter

4. etappe: Mann: ca. 1300-1400 meter

5. etappe: Veteran +35år, ca. 600-700 meter

Nøyaktig løypelengde, rekkefølge og løypekart/beskriving om etappane blir sendt ut seinast 18. april.

Det er satt opp nye vandrepokalar med støtte frå Sparebanken Møre. Medalje til alle på barnestafetten og ellers til vinnarlaget.

Sal av mat og drikke.

Ta kontakt med ; Vivian eller Unni for påmelding 🙂 sjå FB for kontaktinformasjon.

Håpar vi kan stille mange lag denne dagen.
Påmelding til magne.glomnes@mimer.no innan fredag 21. april kl. 20.00. Endelig lagoppstilling kan leverast ved oppmøte seinast 1⁄2 time før start. Startkontingent: Kr. 250 pr. lag / kr. 100 pr. lag i barnestafetten.

Vel møtt!
Helsing Valldal IL friidrett/trim

 

Detaljar:

Dato
22. april 2023
Tid:
16:00 - 21:30
Kategori: