WoW – Fjordstafetten 2024 !!

Flott arrangert av EIL på Langereiten stadion i Eidsdal, i STRÅLANDAS sol og HEILt nydelig Maidag.

NIL stilte med eit barnelag, og heile TO mixa lag, noko som er veldig kjekt at vi klarer å stille så sterkt og at alle vil være med delta. Ingenting er bedre enn det.

I år som ifjor, fekk NIL ta med vandrepokalen heim til bygda igjen. Så den blir å sjå på buda, til neste Fjordstafett i 2025 som då skal bli arrangert i bygda vår Norddal. Dette ser vi fram til, å kunne endeleg få arrangere Fjordstafetten i Norddal. Dei fire gutane som stilte på barnelaget kom på ein glimrande 3. plass, kjekt å heie dei fram til målstreken. Veldig flinke!

Tusen takk for alle deltakarar, og RÅTT utført av alle sammen. Kjempekjekt å fylgje dokke på etappane dykkar.

GRATULERER til alle som deltok både i NIL – EIL – VIL, veldig kjekt. Legger ved eit lite bildedryss fra ein strålandas og varm dag på Langereiten Stadion i Eidsdal.