Prolog til 50-årsjubileumsfesten i Norddal Idrettslag laurdag 8. november 1980

Prolog til jubilanten

Femti raske år
– uten ei stripe av gråe hår
– sprek som ein fole i sol og vår
– som om du var fødd i går!
Det er langt attende frå der du kjem
– eit halvt århundre, ti gongar fem.
Så sannelegmin skal du få ein klem
og ei kake mmed ljos og med moltekrem
– og eit trefoldigt hurra – og heiste flagg
så gleda kan speglast frå kvart eit drag
i andletet ditt – fram til denne dag.

Du Norddalens idrottslag

Eit halvt århundre ja
Kom la oss gå attgjennom tia og prøve å sjå
– prøve å lytte og prøve forstå
det som ligg gøymt mellom no og då.
Ungdomslengten fær så vide
over fjell og hav og land
– skifter mellom von og kvide
– om å tevle, om stride
– om å meistre for og hand
Godt er då å kinne kappast
så det sprakar liv og lyst
– hoppe lengst og renne rappast
– late energien tappast
for å rekke målet fyrst

Bere fram eit vakkert bodskap
– binde sterke band
– bygge murar imot latskap
Helsestyrke Kameratskap
Heiderskvinne Mann
meisterskapen vår her inne
på ein liten vekkgøymd stad
stend for oss som stolte minne
Viktigare enn vinne
var vere frisk og glad

Norddal idrottslag var starta
midt i trange kår
men dei hadde futten, farta
gleda, gneisten i sitt hjarta
i det herrens år
Nittenhundre og tretti
– folk frå dal og ifrå fjell

Ungdomar med mot og vet i
– vand med slit å verte seitt i
ifrå gry til kveld
Idrittsemner var her nok av
– fleire enn vi trur
langrennspor og hopp, ein skokk av
heiagjeng ein diger flokk av
– og ein flott natur
– og det kom «kje an på lakken
plast og splitkein i ei tid
då det gjaldt å våge nakken
burt i bratte Reitebakken
Det var leik på ski

Hjalmar, Ingvald, karl og kalle
skigeni som få
Nemnast skal dei mellom alle
som har lært oss at å falle
må ein unne for å stå!
Ski på beinavar dei født med
– hua stod på snei
beinhard sisu var dei lødt med
jubelbruset dei vart møtt med
delte vi med dei
– det var det som alle dagar
då vi datt og gret og lo
gav oss mod i spente magar
– inntil vi i hei og hagar
suste ned, og stod!

Slik kan ideala gange
– og syner klårt
eit tidsavslinn vel verd å fagne
då til dømes Jon og Magne
toppa Gullalder’n i laget vårt
Innsats gir som regel renter
Toppdirett gir glans
– inspirerer gutar, gjenter
til å skape idrotts-senter
gjennom dug og dans
– viser verda at det nyttar
i eit lite lag
dersom mange dreg og dyttar
– byggjer baner, løyper, hytter
for ei felles sak.

Hundrevis av dugnadstimar
Tusen tunge tak
ligg som perleband og glimar
– mengjer seg til song som rimar
godt med Norddal idrottslag.
Når vi les lagsprotokollen
– sirleg skriven, sakleg, stiv
– ser vi for oss setervollen
– myra, bakken, berget, kollen
fyllt av ljos og liv

Dalsbygda ei romsleg rame
– sommar, vinter haust og vår
Uforandleg den same
Idrottsleg så langt der frame
gjennom nage stolte år
Ektefødde bonn av Brage
– kjappe haud og raske bein
som foreksempel fotballaget
– andre bygders landeplage
Norddal – Stordal femtem ein!
– nåja det er stygt å skryte
– fell gjer den som høgast flyg
men det finst vel større lyte
enn å skape fotballmyte
– når ein ikkje lyg.
Sant er det at grannar gjesta
– at i jubla når vi vann
– at vi like blide testa
tapa våre lo og festa
heilt til sola rann.

Lags-protokollen ja, referata
– fotball, friidrett og renn
Femti år med tusund data
fyller sidene og pratar
så vår bringe bren
– for dei mange, staute, unge
ifrå grend og gard
som med song av fukke lunger
gjennom kamp og tider tunge
idrotslaget bar.
Ja eit idrottslag må berats
– sjølv er laget ingenting
det som gjerast skal må gjerast
av flokken som står nærast
i ein heilstøypt venskapsring.
– kring ein fin ide, ein tanke
– kring ei von og kring ei tru:
At den frie, friske, ranke
idrottsleik i auger blanke
bygg ei tidlaus bru
mellom folket og naturen
– så vårt kjære idrottslag
– lyfter fana, blæs i luren
– adlar livet og kulturen
– femti år fra frå i dag!

Alv Dale