Norddal Treningssenter er lokalisert på den “gamle” barneskulen i Norddal.
Info og opningstider finn du her
Fjelltrimmen 2020
Og samle poeng til Fjelltrimmen er ein inspirerande måte å kome seg fram til spennande og flotte turmål i vårt flotte nærområde.
Fjelldronning og fjellkonge av Norddal
Det er mogleg å bli fjelldronning og fjellkonge av Norddal. Det kan du bli viss du går på desse 7 fjelltoppane, tek eit bilete av deg sjølv på toppen og sender til: keldalhus@hotmail.com.
Du kan bruke den tida du treng på dette, må ikkje gjerast i løpet av ein sesong og du kan gå til alle årstider. Når du har vore på alle toppane, vil det vente deg heder og ære, samt ei lita utmerking.
Fjelltoppane du må opp på er:
- Middagshesten, 1382 moh
- Kallskaregga, 1428 moh
- Tolleknivsegga, 1520 moh
- Heregga, 1557 moh
- Holeegga, 1590 moh
- Fremste Skorene, 1829 moh
- Torvløysa, 1851 moh
Leiar i Trim/friidrettsgruppa er:
Vivian F. Nydal
Medelmmer er:
Elisabeth Grønningsæter
Ingrid Marie Relling
Unni Bjørnstad
Morotur om sommaren
