Skihytte på Rellingsætra

Skihytta til Norddal idrettslag på Rellingsætra er eit fantastisk utgangspunkt for dei som vil gå i fjellet, sommar som vinter.

Middagshesten (1382 moh), Fremste Skorene (1829 moh) og Torvløysa (1851 moh) er toppar i nærområdet. Daurmålsfjellet og Nonshaugen er korte og like kjekke turar.

Hytta har 3 soverom, eit kjøkken, ein gang og ei koseleg stove. Vatn finn du ei klar og sildrande bekk like ved.
Du kan òg leige hytta for overnatting, og det er ein fin plass å vere for liten og stor.
Vi du leige den tek du kontakt med John Kåre Storås på Nærbutikken i bygda.

Skihytta på Rellingsætra var opphaveleg ei røykstove som stod i Dale nede i bygda. Då dei bygde nytt murhus der, vart det tradisjonelle huset teke var på og sidan sett opp på Rellingsætra.
Vedlikehaldet av hytta er det dugnaden som tek seg av. Snikkering, , nedvask, målingsarbeid og gode løysingar. Ved og propan finn du i vedskjulet og inne, så om du vil varme deg og ta deg ein kaffitår, er ikkje det noko problem. Dopapir og utedass finn du i vedskjulet.

  • John Kåre Storås
  • Tlf. 986 94 507
  • johnstoras@storashandel.no

Hyttestyret:
Leiar: Unni Bjørnstad Hjelle
John Kåre Storås
Knut Eldar Relling