Ei god samling skiveteranar

Frå venstre Per Jostein Nerhus (1946), Magne Engeseth (1936), Børre Grønningsæter (1947), Arne Geir Grønningsæter (1944), Lars Magnar Ytredal (1942), Torbjørn Krohn Nerhus (1941), Ivar Grønningsæter (1947) og Jon Reidar Dale (1926).

4. april 2016 var skimiljøet frå 1950-60 talet i Norddal samla til uformelt treff. Dei starta fredag med treff på skihytta på Rellingsætra. I det området hadde dei fem løyper dei køyrde slalåm og storslalåm. Ei av dei var med lys, fortel Arne Nydal.

Skihytta vart sett opp i 1951 og miljøet den gongen var fullt av verkelysti skientusiasme og vilje til å gjere det som skulle til for at skigleda skulle spreie seg. Dette fortel Arne Nydal i ein kort prat medan dei skal arrangere slalåmrenn på Lilleåsen sist laurdag.

Alderskalkulator
Det er ikkje mykje snø at og skitrekket går ikkje så dei må trakke seg opp i bakken. Det er ikkje noko problem for ski entusiastane, det var på denne måten dei gjorde det for ein mannsalder sidan. Dei skal køyre to omgangar og det er løparar i tre klassar. Veteranar 90 år og eldre, veteranar 69 til 81 år og gjesteklasse. Ivar Grønningsæter er rennleiar og har utstyrt seg med ein aldreskalkulator som tidene skjal køyrast gjennom for å jamne ut resultatlista.

Fin stil
Asbjørn Krohn Dalen er startar oppe i bakken og nede i målområdet står tidtakar Gudmund Relling og det heile kontrollerast av Arne Nydal. Humøret blant skiløparane frå ei anna tid er upåklageleg og i målområdet står dei som ikkje har startnummer.

Startar har flagg som kan minne om det svenske, men som skal illustrere fargane til Norddal idrettslag, blått og gult. Første løparar sett utføre og heiast ned bakken av dei frammøtte. Det er åtte med startnummer som skal ned bakken. Den eldste av dei er Jon Reidar Dale. Han er 90 år og er den siste som startar og kjem ned bakken i fin stil.

Når konkurransen på Lilleåsen er over skal dei ha festmiddag på grendahuset med gjestar. I grytene er det bacalao og Arne Nydal har plukka ut eit utval av sine historiske bilete frå skimiljøet i bygda. Song og anna program var det òg.

Jon Reidar Dale i fin stil i fyrste omgang av slalåmrennet for veteranane i Norddal idrettslag på Lilleåsen sist laurdag.

Resultatliste

Veteranar 90 år og eldre:
1 Jon Reidar Dale

Veteranar 69-81 år
1 Ivar Grønningsæter
2 Magne Engeseth
3 Arne Geir Grønningsæter
4 Per Jostein Nerhus
5 Lars Magnar Ytredal
6 Torbjørn Krohn Nerhus

Gjesteklasse
1 Børre Grønningsæter

Frå venstre Per Jostein Nerhus (1946), Magne Engeseth (1936), Børre Grønningsæter (1947), Arne Geir Grønningsæter (1944), Lars Magnar Ytredal (1942), Torbjørn Krohn Nerhus (1941), Ivar Grønningsæter (1947) og Jon Reidar Dale (1926).